søndag 6. september 2015

Godt kyrkjeval

Mariakirken i Bergen (Foto: Nina Aldin Thune, Wikimedia Commons)
Måndag 14. september er det lokalval i Norge. I tillegg til, og i skuggen av dette er det kyrkjelege val til sokneråd og bispedømeråd. Ein kan meina mykje om både opplegg og ressursbruk og teologi når det gjeld denne ordninga med kyrkjelege val. Men ting er no ein gong slik dei er.

Valet til sokneråda er stort sett ei lite kontroversiell sak. Det er snakk om å finna folk som er villige og godt skikka til å ta på seg eit verv. Konkurransen er ikkje stor, og det er uvanleg med meir enn ei liste.

Valet til bispedømeråda er derimot blitt ein arena for konkurrerande lister, ulike syn og tendensar til valkamp. Saka som splittar, er spørsmålet om to personar av same kjønn skal få lov å gifta seg i kyrkja. Dei som blir valt til bispedømeråda, har òg plass i kyrkjemøtet og skal dermed vera med på å avgjera dette spørsmålet. Alle bispedøme har ei liste der det er ei blanding av folk med ulike syn. Dette er nominasjonskomiteen si liste. I tillegg har dei fleste bispedøma, men ikkje alle, fått ei konkurrerande liste frå Åpen folkekirke, ei liste som i praksis er ei kampliste for å få kyrkja til å godkjenna homofilt samliv og ekteskap.

UPARTISK?: I ein slik situasjon skjer det òg ein del underlege ting. Kyrkjerådet, som er ansvarleg for å koordinera kyrkjevalet, har sett i gang ein kampanje for å få folk til å røysta. Heilt naturleg. Kampanjen heiter "Derfor stemmer vi". Her opptrer såkalla "ambassadørar" for kyrkjevalet, dvs. politikarar og kjendisar som fortel oss kvifor dei sjølve skal stemma og kva saker som er viktige for dei. Det er ingen ting gale med at folk seier det dei meiner. Problemet med denne kampanjen er at han er i regí av valarrangøren, som skal vera nøytral, samstundes som han har ei klar slagside i det mest kontroversielle spørsmålet under valet. Fleire av av ambassadørane kyrkjerådet har fått tak i, har markert støtte til kyrkjeleg ekteskap for to av same kjønn, og fleire av dei brukar kampanjen "Derfor stemmer vi" til å markera dette synet. Nokre av ambassadørane deltek òg i Kirkelig kulturverksted sin kampanje til støtte for Åpen kirkegruppe. Derimot ser eg ingen ambassadørar som målber det motsette synet. 

Slagsida i Kyrkjerådet sin kampanje blir på mange måtar toppa når statsråden med ansvar for kyrkjesaker, Thorhild Widvey, brukar ambassadørrolla til å uttrykka støtte til vigsle av likekjønna i kyrkja. Kyrkjerådet endar med kampanjen "Derfor stemmer vi" opp med å spegla makta i samfunnet. Samstundes svekker rådet tillita til seg sjølv som upartisk forvaltar av kyrkjevalet.

LÅGT I TERRENGET: Det er mange på den såkalla konservative sida (forresten eit dårleg ord i denne samanhengen) som ligg lågt i terrenget. Og det skjønar eg godt. Ikkje ønskjer vi å gjera livet vanskeleg for homofile, sjølv om nokon sikkert trur det. Dessutan synest vi det blir feil at det "alltid" skal bli homo-krangel når media omtalar kyrkja. Det gjev eit heilt feil bilete av arbeidet i kyrkja på lokalplanet. Som om dette ikkje var nok, har vi heller ikkje så lyst til å bli assosiert med upopulære standpunkt. Andre - sånne som Øyvind Benestad og Egil Morland - får ta seg av det.

Alle desse grunnane til å liggja lågt i terrenget forstår eg godt. Men ligg no ikkje så lågt i terrenget at du ikkje ein gong når opp til stemmeurna måndag 14. september. Er du medlem og bryr du deg om kyrkja, så gå og stem. Det er enkelt. I nokre fylke finst det berre ei liste (nominasjonskomiteen si), i andre fylke finst både denne lista og Åpen folkekirke si liste. Eg oppfordrar alle til å gå og røysta på nominasjonskomiteen si liste og kryssa av tre personar du har tru på. Dermed gjev du desse personane tilleggsstemme og fører dei oppover på lista. Meir enn tre personar har du ikkje lov til å kryssa for. Bispedøma har liggjande ute presentasjonar av kandidatane. Levende folkekirke, som står for eit tradisjonelt bibelsk syn på ekteskapet, har lagt ut kortfatta informasjon her om kven som står for dette synet. I Bjørgvin, som er mitt bispedøme,er det heldigvis mange gode kandidatar - frå dei yngste til dei eldste - å velja mellom.

KORT SAGT: Delta i bispedømerådsvalet 14. september. Eg anbefalar lista frå nominasjonskomiteen. Kryss av for tre personar du har tillit til. Eg rår til kandidatane som Levende folkekirke støttar.

Vi vil ei kyrkje som er trufast mot den kristendommen vi har fått frå apostlane, og som derfor har hjelp å gje til oss famlande, feilande menneske - for det er vi alle. Eit pent dekorert ekkorom er det lite hjelp i.

Godt kyrkjeval.

1 kommentar:

  1. I dag har faktisk kampanjen "Derfor stemmer vi" ein ambassadør som forfektar det tradisjonelle kristne synet på ekteskapet, nemleg Ole Ivars-bassisten William Kristoffersen. Eg dempar derfor kritikken av Kyrkjerådet noko. I det minste har dei fått med seg éi motrøyst. (Sjå https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/derfor-stemmer-jeg/william-kristoffersen/.)

    Arve Kjell Uthaug

    SvarSlett