fredag 29. august 2014

Ei berbisk kyrkje

Kyrkjeruin frå Tipasa nord i Algerie
(foto: Dalbera, Wikimedia Commons)
Nord-Afrika hadde ein gong mange kristne. Kyrkjefedrar som Tertullian og Augustin kom herifrå. Men Romarriket fall saman og islamske arabarar la under seg heile den nordlege delen av kontinentet. Den store kyrkja i området vest for Egypt vart etter kvart borte. «In Egypt, the Coptic Christians coped impressively with the new regime. Coptic Christianity flourishes today, in stark contrast to the faith of North Africa, which was all but extinct within a hundred years of the coming of the Arabs,” skriv historikaren Philip Jenkins i The Lost History of Christianity (2008, s. 228).

Kyrkja vart i praksis utsletta i Nord-Afrika vest for Egypt. Elles i Midtausten - i land som Syria, Irak, Libanon, Iran og Tyrkia - finst det framleis gamle kyrkjer som har overlevd. Men deira historie har lenge vore ei forteljing om tilbakegang under press, om utvandring og om stadig færre truande. På denne bakgrunnen er det både oppsiktsvekkande og inspirerande å lesa reportasjane frå Algerie i Bibelgaven, Det norske bibelselskap sitt blad (2014, nr.3). Ifølgje bladet var det på byrjinga av 1980-talet berre kring 2000 algeriske kristne i Algerie. «Nå har kirken blitt så stor at myndighetene har gitt opp forsøket på å stoppe den – den gror vilt! Godt over 100.000 mennesker kommer sammen til gudstjenester og andre kristne samlinger hver uke. Noen kan ikke komme til gudstjenester på grunn av motstand innen familien, men de finner andre måter å ha fellesskap på», skriv Bernt G. Olsen i Bibelselskapet. Kyrkjene veks raskt, særleg i regionen Kabylia nord i Algerie. Kabylane er eit berbisk folkeslag, som har sitt eige språk. I bladet til Bibelselskapet er fleire av dei nye kristne intervjua.

Kyrkjevekst i dette området har mange odds mot seg. Den islamske dominansen og dei sterke reaksjonane mot konvertering frå islam er ein ting. Algerie har dessutan ein blodig nyare historie med islamistisk opprør, militær undertrykking og borgarkrig. Men akkurat her veks likevel kyrkja no.

1 kommentar: