torsdag 10. juli 2014

Fornuft og fantasi


Alister McGrath har skrive biografi om
C.S. Lewis (foto: Matthias Asgeirsson frå
Island, Wikimedia Commons).
Alister McGrath kom i fjor ut med biografien Eccentric Genius. Reluctant Prophet. C.S. Lewis – A Life. Lewis var litteraturvitar knytt til universiteta i Oxford og Cambridge. Han var òg ateisten som vart kristen, og som i foredrag og bøker argumenterte for trua. Likevel er han nok mest kjend for fantasy-bøkene han skreiv for born, Narnia-serien, som blir lesne og sett i filmversjon av mange femti år etter at forfattaren gjekk bort.

Det har kome fleire biografiar om Lewis. Den aller første skreiv han sjølv. I Surprised by Joy fortel han si eiga historie frå barneåra i Nord-Irland og fram til han tidleg i trettiåra ikkje fann annan utveg enn å kassera ateismen. På strekninga mellom desse to punkta handlar mykje av forteljinga om livet som kostskulegut langt heimanfrå, i eit skulesystem som for mange av oss er så annleis og ukjent at det nesten kunne vore henta frå ei fantasy-bok. Det er lett å skjøna at ein annan fantasy-forfattar, J.K. Rowling, har valt internatskulen – riktig nok ein litt spesiell ein – som ramme om forteljinga si om Harry Potter og venene hans. Når foreldre og familie er langt unna, er trygge og innskrenkande rammer fjerna, og det usannsynlege får friare spelerom. Borna sjølve får òg, på godt og vondt, i langt større grad sjølve definera reglane, sjølvsagt i eit slags samspel med skulen sine reglar.

Men tilbake til C.S. Lewis. Surprised by Joy dukkar ofte opp som kjeldene i biogafien frå McGrath. Det same gjer brev og dagbøker. Og, hjelpe meg, kor folk må ha skrive brev i dei dagane. I alle fall har ein del personar, som C.S. Lewis, både sendt og fått store mengder brev. Der det finst store samlingar av brev mellom vener og nære, har biografar som McGrath eit unikt kjeldemateriale. Sjølvsagt var folk selektive i det dei skreiv også i fortrulege brev. Men eg lurar på om det finst eit tilsvarande kjeldemateriale etter vår generasjon. Facebook og e-postar (om dei er tekne vare på) vil gje historikaren heilt andre utfordringar som kjeldemateriale.

Alister McGrath er sjølv frå Nord-Irland, har ei fortid som ateist, har bakgrunn frå universiteta i Oxford og Cambridge, er professor i teologi og har skrive ei rekkje bøker, m.a. trusforsvar. Dermed står han Lewis nær og har eit godt utgangspunkt for å skjøna han, samstundes som han skriv med profesjonell distanse. Boka gjev ein fin og brei, men slett ikkje langtekkeleg, presentasjon av Lewis, og vi møter dei mange personane som var viktige for han. Mora som døydde så tidleg. Faren han hadde eit vanskeleg forhold til, og som – om vi skal tru det Lewis sjølv skriv i Surprised by Joy – hadde ei suveren evne til å feiltolka. Han var forresten sakførar. Storebroren Warnie som var den nære venen i barndomen, og seinare i livet delte hus med Lewis i Oxford. Dessverre var han så altfor glad i flaska. Barndomsvenen Arthur Greeves som var hans fortrulege gjennom heile livet. Fru Moore som han delte hus med og budde hjå som ei mor. Forholdet deira har vore gjenstand for ein del spekulasjon, men det er neppe mogleg for ein biograf å finna endeleg svar. J.R.R. Tolkien som vart nær ven med Lewis, men som etter kvart kom meir på avstand. Joy Davidman, amerikanarinna som han overraskande nok gifta seg med på sine eldre dagar. Det er mange fleire. Lewis var ingen akademisk kokkelur som trekte seg vekk frå andre menneske og sat einsam med sine tankar og skriveri. Og mange av venene hans er verd sine eigne biografiar.

C.S. Lewis – A Life er ei velskriven og innsiktsfull bok. Ho gjev eit bilete av ein mann som kombinerte den klare fornuft med fantasifull kreativitet og kristen tru. Det kunne sikkert vore på sin plass å avslutta omtalen med eit sitat frå boka. Eg vel meg ein bilettekst, utan bilete (s. 364):

«Lewis at home at The Kilns in 1960. This is one of the best-known images of the later Lewis. It depicts him sitting at his desk, complete with the materials he used when writing – on the left, a large cup of tea, a bottle of Quink ink, an ashtray, and a box of matches; on the right, a pipe, a tin of tobacco, and a second box of matches.”

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar