lørdag 24. mai 2014

Ni månader, og så på sokkel

Forfattar Edvard Hoem (t.v.), mållagsleiar Haakon Aase og ordførar
Nils Marton Aadland etter avdukinga av Ivar Aasen-minnesmerket
på Frekhaug 24. mai (Foto: Arve Kjell Uthaug)
No har Frekhaug i Meland fått sin Ivar på sokkel, slik Knarvik i den litt større nabokommunen Lindås allereie har hatt sin ei stund. I Knarvik står den lokale trubaduren Ivar Medaas i heilfigur utanfor kjøpesenteret. På Frekhaug vart det i dag 24. mai avduka ein byste av Ivar Aasen.

Så kva gjer sunnmøringen og språkgranskaren Aasen på Strilelandet? Svaret er at han har vore her før. I 1843 til 1844 sat han ni månader på Litlebergen like ved Frekhaug, lytta til strilemål, skreiv på grammatikken sin – og venta på stipendpengane som skulle koma. Ikkje alle småkommunar reiser statuar av omstreifarar som var innom nokre månader ein gong på 1800-talet. Men Meland kommune har fått Aasen-minnesmerket i gåve frå det etter måten velhavande lokale mållaget. Og Aasen er heller ikkje kven som helst. Det sjølvlærte geniet la grunnlaget for det nynorske skriftspråket. Så det er flott at nynorskkommunen Meland like ved Bergen gjer stas på nynorskens far.

Minnesmerket vart avduka av leiaren i Meland mållag, Haakon Aase saman med forfattaren Edvard Hoem. Sjølv hadde eg nok vona på eit litt meir annleisAasen-monument. No er han eit hovud med pistreskjegg bak håka, ikkje så ulikt dei avbildingane vi kjenner så godt av han frå før. Men målmedviten i blikket er han, det skal han ha. Og eg blir sikkert glad i Aasen-hovudet med tida. Det er kunstnaren Gunnar Torvund som har laga monumentet.

Avdukinga på Frekhaug var ramma inn av hornmusikk, korsong, kveding og helsingar frå Edvard Hoem og frå leiaren i Noregs mållag.

Etterpå var det foredrag ved Edvard Hoem for ei fullsett rådhuskantine. Med historisk innsikt og talegåver som ein folketalar tok Hoem forsamlinga med på ei reise i norsk 1800-hundretalshistorie med utgangspunkt i 1814-grunnlova. Det var ei forteljing i tråd med den Venstre-tradisjonen som så sterkt har prega forteljinga om norsk 1800-talshistorie. Hoem la stor vekt både på impulsane frå europeisk radikalisme og den norske haugevekkinga som bakgrunn for grunnlovsverket i 1814. Og rimelegvis dukka det òg opp ein del historiske «slektningar»som vi kanskje ikkje alltid likar å bli minna om. Høgrefolka i salen med ordføraren i spissen vart minna om at partiet deira stritta imot den breie demokratiske folkerørsla leia av partiet Venstre. Teologisk konservative fekk biskop J.C. Heuch og kvinnesynet hans å tenkja på. Og det som måtte vera att av kommunistar og andre med tankar om eit jordisk idealsamfunn, vart minna om faren med å ikkje nøya seg med mindre enn det perfekte. Men først og fremst var det eit foredrag som løfta fram vår store felles arv frå 1814.

Og utanfor står Ivar Aasen på sokkel og stirer langt fram.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar