torsdag 20. mars 2014

Samaritanane kjem til Bergen

Den vesle samaritanske folkegruppa treng ingen
omdømeekspertar. Likninga om den miskunnsame
samaritanen er nok (Bilete: Vincent van Gogh,
Kröller-Müller museum)
Her kjem litt reklame for eit seminar på jobben, dvs ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Temaet er kanskje litt smalt og sært, vil nokon meina, men eg veit at det finst mange smale og sære folk der ute. Ikkje alle er både smale og sære, nokre er berre ein av delane. 

Men 25.-28. mars er det seminar om arabiskspråklege samaritanske tekstar. I dag er det berre kring 800 menneske att av denne folkegruppa i Midtausten. Men dei har ei lang historie med teologi og tekstar som framleis pirrar forskarar. Gjennom hundreåra har dei etterlate seg ein litteratur i gamle manuskript på hebraisk, arameisk og arabisk. Det er den arabiske delen av denne litteraturen som er i fokus når stipendiat Frank Weigelt og førsteamanuensis Ludmila Torlakova skipar til seminaret «Rational Theology and Greek Philosophy in Samaritan Bible Exegesis». Weigelt og Torlakova er tilsette på arabiskfaget ved Institutt for framandspråk.
- Ideen bak seminaret er å samla forskarar som held på med å gje ut og omsetja samaritanske arabiske tekstar. Sidan dette er eit felt som krev pionerarbeid, er det viktig å gå gjennom tekstane i lag og hjelpa kvarandre med kunnskap og praktiske tips. Arrangementet er derfor organisert som ein workshop med mykje tid til å arbeida med tekstane, seier stipendiat Weigelt til UiB sine nettsider. Dei som vil vita meir om seminaret og programmet finn det (snart) her.
Seminaret blir avvikla i Bergen og har i tillegg til tekstgjennomgangane ei rekkje foredrag. I opningsinnlegget «Rational Theology in Samaritan Arabic Literature» vil Dr. Gerhard Wedel gje ei kort innføring om samaritanane og den arabiske litteraturen deira. Under avslutningsbolken vil professor Magnar Kartveit gje eit innblikk i korleis den samaritanske religionen vart til. Ikkje alt er smalsmalt, med andre ord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar