onsdag 28. august 2013

Sterk påstand, argumentasjon etterlyst

Frå det borgarkrigsherja Aleppo (Foto: Voice of
America News: Scott Bobb reports from Aleppo)
«Ser vi på situasjonen i Midtøsten, kan vi som en metafor sammenlikne selve svulsten med Israel-Palestina-konflikten, «alle konflikters mor». Fra denne håpløse striden mellom to folk som gjør krav på samme territorium, har nye problemer og kriger oppstått stadig flere steder. Spesielt de siste åra har situasjonen forverret seg, og man er nå inne i en fase der spredningen ser ut til å gå med hurtigtogsfart.»


Det er Dagbladet som skriv dette på leiarplass. Artikkelen heiter «Kreftsvulsten som sprer seg», og avisa går så langt som å kalla Israel-Palestina-konflikten for «alle konflikters mor», og påstår at frå denne striden har nye problem og krigar oppstått stadig fleire stader. Og akkurat no er ein altså inne i ein fase der spreiinga går med hurtigtogsfart.
Dette er absurd. Og resten av leiaren i Dagbladet viser kor meiningslaust  det er å påstå at konflikten mellom dei to folkegruppene i Israel/Palestina er «alle konflikters mor». For kva for konfliktar er det som blir lista opp i resten av leiaren? Jau, det er dei politiske omveltningane i Egypt, borgarkrigen i Syria – med spreiing til Irak og Libanon, bombeaksjonar i Irak, konflikt mellom sunniar og sjiamuslimar i Libanon. Den arabiske våren har i det heile endt opp med å skapa nye kriser.

Men det finst ikkje eit snev av argumentasjon i leiarartikkelen for at det faktisk  finst ein samanheng mellom Israel-Palestina-striden og desse andre dagsaktuelle konfliktane.

Eigentleg kan eg ikkje heilt sjå korleis ein – utan paranormale evner – kan sjå konflikten mellom jødar og palestinarar ein gong som ei surrogatmor for desse andre konfliktane. Derimot er det mange andre openlyse årsaker til konfliktane som pågår i Egypt, Syria, Irak og Libanon. Dette varierer sjølvsagt frå land til land, men viktige faktorar i eitt eller fleire av landa er endringar i balansen mellom ulike folkegrupper (Libanon), undertrykkande diktatur (Egypt, Syria og tidlegare også Irak), utanlandske invasjonar (Irak), ein intensivert regional konflikt mellom sjia- og sunnimuslimar (Irak, Libanon og Syria), spenningar mellom ulike religiøse grupper (alle landa), innblanding frå utanlandske jihadistar (t.d. Syria), ambisjonane til naboland som Iran og Saudi-Arabia. Det kurdiske spørsmålet spelar òg ei viktig rolle i eit par av desse landa. Fattigdom og stor befolkningsvekst er ei utfordring. Under det heile ligg også eit grunnleggjande politisk-religiøs spørsmål, som dessverre framleis er uløyst: Kan ein i denne regionen greia å kombinera islam, demokrati og respekt for minoritetar?
Det er sant at konflikten mellom Israel og Palestina har spela ei stor rolle i delar av nyare libanesisk historie. Men det som skjer der i dag handlar først og fremst om andre ting. Og å tildela konflikten mellom jødar og palestinarar morskapet for det som i dag skjer i Egypt, Syria og Irak er så usannsynleg at det i det minste krev ei slags form for argumentasjon .

Dagbladet  har derimot servert ein usannsynleg påstand, utan å bry seg med å underbyggja han med argumentasjon. Av ein eller annan grunn ser avisa ut til å tru at rota til alt vond – «alle konflikters mor» - ligg i det vesle landområdet mellom Jordanelva og Middelhavet. Kanskje bør dei som skriv leiarartiklane, setja seg ned og tenkja gjennom to spørsmål: Kor kjem han frå, denne påstanden om at konflikten i Israel/Palestina er mor til «alle» andre konfliktar i området? Korleis kan det ha seg at nokon trur på ein slik påstand? Forklaringar som inneheld samanhengande argumentasjon blir mottekne med takk.

mandag 5. august 2013

Hipp, hipp for Ivar Aa

Ivar Aasen, slik teiknaren Olav
Rusti såg han (Wikimedia Commons)
Gamle Ivar, nørdst i grendom, har 200-årsdag i dag. Språkgranskaren, poeten, geniet og slitaren frå Sunnmøre vart fødd 5. august 1813. Utan bondesonen frå Ørsta ville norsk historie vore kjedelegare og norsk språk armare. Denne uhøgtidelege feiringa er basert på eit av dei meir kjende dikta hans.

Om Ivar Aasen hadde vore helgen, burde han vore skytshelgen for slitarar, stabeistar - og for utryddingstruga språk.

Dagen 5. august markerer ei av kjempene i norsk historie.

torsdag 1. august 2013

Magasinet Strek om dei syrisk-ortodokse i Tur Abdin

Mor Gabriel-klosteret i Tur Abdin.
Foto: Nevit Dilmen, Wikimedia Commons.
Det unge magasinet Strek er både spennande og vakkert. I siste utgåva har redaktøren laga reportasje frå klostera som klorar seg fast i det tyrkiske fjellområdet Tur Abdin, munkane og nonnene som lever der, og dei få kristne landsbyane som har greidd seg heilt fram til i dag. Ein av desse landsbyane, Kafro, er jamvel gjenoppliva av suryoyoar som har gjort "alija" og vendt tilbake frå Vest-Europa. Og fader Yoakim og har fått med seg bror Aho og blåse liv i det nedlagde klosteret Mor Augin, som kanskje har røter heilt tilbake til første halvdelen av 300-talet. Den innsiktsfulle reportasjen i Strek får ekstra drahjelp av ein fotograf som veit kva han gjer.

Artikkelen handlar ikkje berre om dette, men òg om eit spennande musikalsk samarbeidsprosjekt mellom syrisk-ortodokse klosterfolk i Tur Abdin, Erik Hillestad, Kirkelig kulturverksted, Stefanusalliansen og koret SKRUK frå Norge. Resultatet skal koma ut som cd i haust, og ifølgje reportasjen i Strek har NRK tenkt å senda eit tv-portrett av Hillestad og plateprosjektet i Aust-Tyrkia. Både musikken og dei norske tekstane er eg spent på, og det skal bli interessant å sjå i kva grad tekstane - og ikkje berre musikken - tek mål av seg til og greier å formidla den fromheten og tradisjonen som har bore oppe desse kristne samfunna gjennom tidene.

Uansett er dette eit nytt, spennande prosjekt frå Kirkelig kulturverksted og sunnmørskoret SKRUK. Dei gamle av oss hugsar gjerne då dette plateselskapet kom feiande med kassetten "Kvite som negrar", der SKRUK og Ytre Suløens Jass-ensemble løfta fram negro spirituals på ein måte mange av oss var ukjende med. Reine revolusjonen.

Norges ærlegaste kommunevåpen

Kommunevåpenet til Samnanger
(frå Wikimedia Commons)
Det finst mange fine kommunevåpen rundt om, og nokre litt rare. I den siste kategorien synest eg Etne høyrer heime. Motivet i våpnet til denne sunnhordlandskommunen ser mest ut som ein rivekant, eventuelt eit utsnitt av ein glidelås. Andre kommunevåpen slit med å halda tritt med dei dagsaktuelle realitetane. Til dømes gjeld dette Gulen, slik det blir påpeikt her.

Dette er likevel dagen for å løfta fram det som må vera Norges ærlegaste kommunevåpen, og det høyrer Samnanger til. Skal ein kikka på noko, må det vera at det kanskje burde vore plassert endå fleire dropar inn i det heraldiske varemerket for denne vestlandskommunen.