søndag 8. januar 2012

Skoddehav over Nordhordland

Utsyn frå Krossfjellet (foto: Arve Kjell Uthau, januar 2012)
Frå øvre Sagstad (Foto: Arve Kjell Uthaug, januar 2012
Skoddeteppet dekte fjordar og lågland i store delar av Nordhordland i dag søndag 8. november. Frå Krossfjellet på Holsnøy såg det slik ut når blikket var vendt mot Askøy og Øygarden. Krossfjellet er eit av dei mange turmåla i Meland kommune. Toppen er ikkje så høg, 287 meter over havet, men herifrå ser ein likevel fritt i alle himmelretningar. Dei fleste kommunane i Nordhordland er innanfor synsfeltet, i tilegg til Bergen, Askøy og Øygarden. 

Det går fleire stigar opp til Krossfjellet. Kanskje den finaste av dei går frå garden på øvre Sagstad.



1 kommentar:

  1. Strålande flott bilete, eg såg óg dei Anne Sofie la ut på Facebook. Ein nydeleg dag!

    SvarSlett